Vel blåst Hognestadhelg
Postet av Hognestad IL den 1. Sep 2023
Politisk boksekamp, pubdrøs, Hognestaddag og teltfest! Slutten av august baud på ei festhelg på Hognestad.
Fredag 25. august vart politikk og boksing forent i Hognestadhallen. Idrettslaget inviterte til politisk debatt med boksereglar. Her var boksehanskar og verneutstyr på, men slag var erstatta med ord.
DUELL: Høgre møtte SV i ringen. Tom Hetland styrte debatten og mikrofonen.
Politisk boksing
Stemninga var både spent og god då politiske parti i Time kommune møttes i ringen. Partia som stilte var Høgre, Frp, SV, KrF, Ap, Mdg, Sp, INP og Raudt.
I finalen møttes Høgre og Senterpartiet og med Hognestad skule som tema, var det lite spenning til kven som kom til å bli kåra til vinnar. Tarald Magne Oma vart heia fram av publikum og vart kåra til den aller fyrste hognestadmeisteren i politisk boksing.
Etter oppvisningskampar og politikk, var det godt drøs i klubbhuset.
I RINGEN: Til slutt var det Tarald Magne Oma i Sp som stakk av med sigeren. Her er han i ringen mot Gaute Stokka i Frp, som også valde å supplera med eit skjerf i rette fargar for høvet.
Hognestaddagen
Laurdag 26. august var boksering byta ut med fotball då Hognestaddagen gjekk av stabelen. Ein stor fotballblink vart raskt yndlingsaktiviteten til dei yngste, kiosken var open, grillane varme og drøset godt.

Hognestad mot Lye.
Hognestadlaget.
Fyrst ut var ungane, før Bygdecupen tok over grasmatta med langt større fotballføter. I år stilte seks lag i cupen. Til slutt var det ungdomslaget, som i år var eit reint 17-årslag, og fjorårets vinnar Vestly/Fotland/Time/Herigstad.
På sidelinja på dagtid var det også mogleg å ta idrettsmerke, noko fleire valde å prøva seg på.
Vinnarlaget
Teltfest
Tidlegare same veke hadde ein god dugnadsgjeng reist sirkusteltet til idrettslaget. Teltet var innreia med benker og pynta til fest.
Då Vestly/Fotland/Time/Herigstad nok ein gong hadde dratt sigeren i land, var det duka for skikkeleg bygdefest i teltet.
Tusen takk til alle som deltok for å gjera dette til den festhelga det blei!
Politisk boksekamp på Hognestad
Postet av Hognestad IL den 15. Aug 2023
Kva for eit parti er best i politisk nærkamp?
Hognestad IL har utfordra alle dei politiske partia i Time kommune til å delta i politisk boksekamp.
Fredag 25. august, kun få veker før valet, brakar det laust i Hognestadhallen. Då skal tittelen Politisk tungvekter delast ut for alle fyrste gong! Kven stikk av med sigeren? Kom og følg dramaet på nært hald og bli med på å kåra vinnaren.
Kampen startar 19.00 og er open for både ungar og vaksne. Arrangementet er gratis.
Hardstlåande replikkar
Bokseringen skal stå klar, men denne kvelden er boksehanskane bytta ut med hardstlåande replikkar, Elles er reglane som i ein vanleg boksekamp.
Politikarane skal i ringen to og to. Dei får ikkje velja sin eigen motstandar. Kvar runde varer i 1,5 minutt og kvart politikerpar skal gjennom tre rundar per kamp.
Duellane tek utgangspunktet i valgomaten til NRK Rogaland. Her gjeld det å vera både kjapp i replikken og klar i talen så ikkje publikum går glipp av eit godt argument.
Publikum er dommarar
Boksekampdommar og leiar av den politiske duellen er Tom Hetland, som er godt røynd som debattleiar. Men dommaren får ikkje avgjera vinnaren av duellane. Det er det nemleg publikum som skal gjera. Stemmane blir avgitt ved hjelp av farga ark.
Den duellanten som får flest stemmer går vidare til neste runde. Til slutt står to politikarar igjen i den store finalen. Vinnaren kan smykka seg med tittelen Politisk tungvektar 2023!
Desse partia er påmelde:
- Høgre
- Arbeiderpartiet
- Senterpartiet
- Raudt
- Sosialistisk Venstreparti
- Framstegspartiet
Alle partia stiller med ein kandidat i ringen. Kva parti trur du er best når det gjeld?
Møt opp i hallen og stem på den du tykkjer er flinkast i den verbale boksekampen.
Har du lyst til å sjå litt ekte boksing innimellom alleargumenta? Boksegruppa til Hognestad Idrettslag deltek på arrangementet med to oppvisningskampar.
Boksepub
Når siste replikk er sagt og vinnaren kåra, opnar idrettslaget dørene til klubbhuset. Her blir det gode moglegheiter for å senka blodtrykket og ta ein god drøs, anten det handlar om politikk eller om noko heilt anna.
Vel møtt!
Velkommen til Lykkemarsjen
Postet av Hognestad IL den 15. Aug 2023
Sundag 20. august er det igjen klart for Lykkemarsjen.
Oppmøte og registrering på klubbhuset frå 09.00 til 11.30.
Du kan velja mellom kort og lang løype.
Den korte er på seks kilometer og går over Grøndåkkå.
Den lange er 12 kilometer og går om Garborg.
På den lange løypa er det drikkestasjon ved Garborgheimen.
Marsjen passar for alle, liten som stor, og det går fint å gå løypene med barnevogn.
Kiosk i klubbhuset etter marsjen.
Pris med medalje: 60,- for vaksen og 40,- for barn.
Pris utan medalje: 20,-
Kom og bli med på ein sprek start på sundagen.
Vel møtt!
Snart fyrste spadestikk for påbygget til hallen
Postet av Hognestad IL den 28. Mai 2023
Hognestadhallen skal bli større og nå nærmar det seg fyrste spadestikk.
Idrettslaget er i full gang med å samla inn all informasjon som kommunen må ha for kunna gi igangsettingstillatelse. Målet er å grava og støypa fundament i slutten av juni i år.
Går alt etter planen, vil elementa bli leverte i starten av august og bli monterte før skulestart.
Når alt vil vera ferdig er framleis litt usikkert, då det vil krevja ein del dugnad etter at Grude Bygg er ferdige med sin jobb og bygget er tett.
Me gler oss til både dugnad og til å få eit flott påbygg av hallen!
Ny A-lagstrenar på plass
Postet av Hognestad IL den 22. Mai 2023
21 år gamle Christian frå Bryne er ny trenar for A-laget på Hognestad.
Christian Bertelsen jobbar som tømrar for Byggelaget i Time og har spelt fotball så godt som heile livet.
Nå går han inn i trenarrolla for fyrste gong og vil ikkje vera dårlegare enn tidlegare trenarar.
Derfor lovar 21-åringen å klippa fotballbanen på Hognestad med skyveklyppar viss laget rykkar opp.
Me gler oss til å følgja med og ønskjer Christian og resten av laget lukke til!
Sesongen er i gang! Følg med på facebooksida Hognestad A-lags Supporterside for info om alle kampane.
Idrettslaget oppfordrar alle til å møta opp for å støtta laget på heimekampane!
Der
Bli med på dugnad 22. april
Postet av Hognestad IL den 12. Apr 2023
SIST DUGNAD: Bilete frå fjorårets dugnad.
Nå er det på tide med vårreingjering og fiksing i og ved klubbhuset.
Her kan alle bidra, anten du vil vera ute eller inne.
Kvar oppgåve har ein ansvarleg, men her trengst fleire hender.
Idrettslaget oppfordrar alle som kan til å setja av nokre timar og delta.
Møt opp ved klubbhuset 22. april kl 10.00
På kvelden blir det posefest på klubbhuset
Dette skal gjerast inne:
1. Rydda i kjøkkenskap og telja opp glass, tallerkenar osv.
Ansvarleg: Henriette
2. Vaska merke på veggar i sal og gang.
Ansvarleg: Henriette
3. Vaska vekk talg på glass i trapp. (husk skrape).
Ansvarleg: Henriette
4. Vaska i kiosken å rydde i skap + markera kor ting skal liggja.
Ansvarlig: Cathrine
Dette skal gjerast ute:
1. Luka bed/plante i potter.
Ansvarleg: Karen
2. Mala fotballbod.
Ansvarleg: Eirik
3. Fiksa straum/hus til plenklipparane.
Ansvarleg: Njål
4. Fjerna den store murblokka ved parkeringa.
Ansvarleg: Eyvind
5. Bruka resten av belegningssteinen frå parkeringa til handicaprampe. Handla inn mer stein?
Ansvarleg: Morten Ellingsen
6. Vaska veggar/rundt vindauga oppe på terrassen+ved hovudinngang, og vaske platting+utemøbler.
Ansvarleg: Eyvind
7. Fiksa skilt/sponsorer. Ta ned gamle å hengja opp nye.
Ansvarleg: Gunnar
8. Fiksa ballbingane.
Ansvarleg: Tommy
Tom har tatt idrettsmerket i 50 år
Postet av Hognestad IL den 23. Feb 2023
Tom Hetland er sjeldan vare! Han har nemleg tatt idrettsmerket 50 gonger.
Einaste på Hognestad i fjor
På Hognestad idrettslag sitt årsmøte 23. februar fekk han utdelt diplom som eit bevis på at det 50. idrettsmerket vart gjennomført i 2022.
Diplomet er underteikna både presidenten og generalsekretæren i Norges idrettsforbund og vart utdelt av Zofia Nedrebø, ansvarleg for idrettsmerket i Hognestad Idrettslag.
Ikkje berre er Tom Hetland sjeldan som gjennomførte for 50. gong. Han er også sjeldan fordi han var den einaste som tok idrettsmerket i Hognestad Idrettslag i fjor.
I 2023 blir det lagt opp til tre moglegheiter til å ta idrettsmerket på Hognestad, og både Tom og Zofia oppfordrar fleire til å prøva seg.
Fin måte å halda seg i form
Mange tykkjer at å ta idrettsmerket er ein fin måte å halda seg i form på, og krava varierer for dei ulike aldersgruppene.
Idrettsmerket vart oppretta 29. mai 1915 på eit fellesmøte i Norges Riksforbund for idrett.
Krava til idrettsmerket er revidert fleire gonger.
Pris til Hognestadbladet
Postet av Hognestad IL den 21. Feb 2023
Lodve Haugland, Jorunn Erga Steinsland og Tom Hetland i bladstyret i Hognestad idrettslag med Jæren mållag sin målpris for 2022. Til høgre står leiar i Jæren mållag, Magne Viggo Høyland. Øyvind Nordsletten var også i bladstyret i 2022, men var ikkje til stades då biletet vart tatt.
Jæren mållag gir målprisen for 2022 til Hognestadbladet og Hognestad IL!
Dette tykkjer idrettslaget er veldig stas. Prisen vart delt ut på årsmøtet torsdag 23. februar.
Idrettslaget får prisen for godt arbeid med Hognestadbladet. Både godt språk og god redigering vart trekt fram. Bladet har i fleire år hatt nynorsk som hovudmålform.
Hognestadbladet starta som eit reint idrettslagsblad, men har utvikla seg til å også vera eit bygdeblad. Bladet kjem ut to gonger i året og blir laga på dugnad. Tom Hetland har vore redaktør i mange år.
Ein gåvesjekk på 10.000 kroner frå Jæren sparebank følgjer med prisen.
Tusen takk for gild pris!
Invitasjon til deg som har bidratt litt ekstra i 2022
Postet av Hognestad IL den 9. Feb 2023
Idrettslaget vil gjerne takka alle som har bidratt litt ekstra i 2022 med å invitera til middag på Bryne kro og hotell mandag 20. februar kl 19.30.
Denne invitasjonen går ut til deg som sit i hovudstyret eller i ein komité, anten det er huskomitéen, bladstyret, teltgjengen eller ein annan av idrettslaget sine komitéar. Det gjeld óg alle trenarar, anten du får lønn eller gjer jobben på dugnad og alle ungdommar som står i kiosken eller sørgjer for at me har eit reint og fint klubbhus til ei kvar tid.
Vil du vera med på ein hyggeleg kveld med god mat, meld i frå til Henriette Njølstad, anten på messenger eller på tlf 92280844. Påmeldinga er bindande og fristen er 13. februar. HUgs å gi beskjed om eventuelle allergiar.
Me set stor pris på dykk alle og håper på mange gilde øyeblikk i året som kjem!
Her kan du lesa årsmeldinga for 2022
Postet av Hognestad IL den 7. Feb 2023
Her er årsmeldinga for 2022: 412705-ÅRSMELDING-2022-v1.pdf
Årsmøte 23. februar kl 19:00
Postet av Hognestad IL den 7. Feb 2023
Hognestad idrettslag kallar inn til årsmøte på Hognestad klubbhus 23. februar kl 19:00.
Her vil det bli mykje god informasjon om idrettslaget, blant anna om tilbygget til hallen som nå er under full planlegging!
Me oppfordrar alle medlemmer og foresatt til medlemmer å delta på årsmøtet.